Arrangement juni-august
Herborg i Herøy i morgon! |
Førstkomande laurdag, 6. juni, står Herborg Kråkevik på scena i Fosnavåg konserthus! Og det gjer ho saman med TrondheimSolistene. Dette blir vellyd. Helge Lilletvedt er med ved flygelet under konserten som har tittelen "Vi vandrar saman i Herborgs songbok". Over 220 solgte billettar, men dette blir ei oppleving som du ikkje har lyst å gå glipp av. Så kjøp billett no!
Då Kråkeviks songbok kom ut i 2000, med hennar varme og særprega tolkingar av blant anna «Den fyrste song», «Til ungdommen» og «Blåmann», blei albumet ein umiddelbar sensasjon. I mars kom nytt album og bok! Det nye albumet er ei samling med fleire norske songar, og boka eit samarbeid med Nasjonalmuseet der songar og maleri er sett saman under tittelen "Vi vandrar saman". Alt dette får du oppleve laurdag kveld i konsertsalen! (Foto: Terje Trobe) |
|
|
|
Lau 20/6: After Run Show! |
Heilaften i konsertsalen etter Fyr til fyr-løpet! Vi smell til med After Run Show kl. 21 med denne super-comboen:
- Oskar Fjørtoft Sandanger - Daniel Kvammen konsert
- Sarah Vestrheim DJ
Alt i ein pakke, inkludert mingling og styr. Rabattert billett 150,- for løps-deltakarar (med kode utsendt frå arrangøren). 300,- for alle andre som vil vere med: LØP og kjøp! |
|
|
|
Søn 21/6: Dance With A Stranger utekonsert! |
Herrane Øivind Elgenes (Elg) og Frode Alnæs kjem med fire musikarar i ei frisk og vitalisert utgåve! Her vil ein få hits som Everyone Needs a Friend, The Invisible Man, Dance With A Stranger og fleire av dei mer ukjende låtane i ”ny” innpakking.
Vi startar billettsalet med 480 billettar. Desse 480 kan folk kjøpe som vanleg med nummererte plassar i konsertsalen, og dei vil gjelde dersom konserten blir innandørs. Dersom konserten blir utandørs - slik vi vil - vil desse tidleg-kjøparane få plassar langt framme i uteamfiet på Herøy. Og blir det ute, legg vi ut mange fleire billettar tidleg i veka før. Vi samarbeider med Herøy gard/kystmuseum for å gi folk ein god søndag. Og Herøyspel-gjengen som tjuvstartar våronn og plenslått for å få alt i orden til konserten. Meir info kjem etter kvart på våre nettsider. Sikre deg ein god billett no!
|
|
|
|
Lau 22/8: Visekveld i Sjøbuda på Herøy gard |
Vi testar i samarbeid med Herøy gard/kystmuseum ut eit nytt konsept med ein koseleg ViseKveld i Sjøbuda på Herøy gard. Planen er god mat, god visemusikk, god stemning og gode historier. Dette blir også ein tjuvstart på ViseWeekend som kjem 29-31. januar!
Denne august-kvelden i Sjøbuda på Herøy gard kjem altså først. Vi legg ut kun 45 billettar, som inkluderer rekeaften OG musikk. Vise-sjangeren rommar mykje, og vi startar med lokale songarar. Meir info kjem seinare, og vi skjønar om folk vil vente med å kjøpe billettar. Men for dei som er offensive og vil sikre seg plass, så er altså billettsalget ope. Og blir det fullt så er det fullt - og kanskje litt trangt ;o)
For dette er tenkt som litt intim-konsert og veldig triveleg. Det blir enkel lydrigg med våre eigne folk som musikarar: Arve Voldsund på gitar og Torgrim Skjerdal på tangentar. Her skal det bli viser som passar til klukkinga frå salt sjø. |
|
|
|
Søn 23/8: Terje Vigen på Herøy gard |
Vår fine uteframsyning "Terje Vigen" blir på Herøy Gard/kystmuseum som dei to første åra. Framsyninga skjer frå sunnmørsjekta «Anna Olava» framfor publikum som har sitjeplassar på trebrygga eller på svaberga. Billettsalget er i gong!
Framsyninga startar kl. 17.00 denne august-søndagen, og blir som dei to første åra spelt frå sunnmørsjekta "Anna Olava" som scene! Vi inviterer nok ein gong til denne gode forteljinga som fortener publikum og salt sjølukt når ho blir fortalt! Aktørane er klare: Bjørn Holum, forteljar Joakim Eiksund, Terje Vigen Vegard Holum, musikk Torstein Holum, gitar |
|
|
|
God helg & god sommar! Mvh Konserthusleiar Petter Ole Kopperstad |
|
|
Fosnavåg konserthus Adr: Gerhard Voldnes veg 7 E-post: post@fosnavagkonserthus.no Tlf: 913 28 908
Du fekk denne e-posten fordi du registrerte deg eller gjorde eit kjøp hos oss. Meld meg av |
|
|
|
|